Ny rekord i antall påmeldte lag!

Ny rekord i antall påmeldte lag!

For tredje året på rad er det ny rekord i antall påmeldte lag til EXTRA Eid Cup!

Det er 128 påmeldte lag til EXTRA Eid Cup 2024 som blir arrangert på Eid Idrettspark laurdag 20. april.
I 2023 var det 105 lag representert medan det i 2022 var 90 lag tilstades på EXTRA Eid Cup.

Dei 128 påmeldte laga fordelar seg på 19 ulike klubbar frå Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre. Dette er også ny rekord i antall klubbar som er representert på EXTRA Eid Cup.
Følgande klubbar er representert med minimum eit lag kvar på EXTRA Eid Cup 2024:
Eid IL, Flatraket IL, Førde IL, Florø SK, Haugen IL, Heia IL, Kjølsdalen IL, Hornindal IL, Måløy FK, Skavøypoll IL, Tornado FK, Sandane T&IL, Selje IL, Stadlandet IL, Sogndal IL, Stryn T&IL, Veten IL, Volda TI og Åheim IL.

Som vanlig er er Tornado FK godt representert på EXTRA Eid Cup. I år stiller Tornado med 17 lag.
Sogndal IL er også representert med 17 lag på årets EXTRA Eid Cup.
Saman er desse to dei klubbane med flest påmeldte lag med unntak av arrangørklubben Eid IL Fotball.

Kampoppsett blir publisert seinast onsdag 17. april her: https://www.profixio.com/app/extra-eid-cup-2024

Vi gler oss til å ønske spelarar, trenarar, dommarar, frivillige og tilskodarar velkommen til EXTRA Eid Cup 2024!

Bildene frå EXTRA Eid Cup 2023 er tatt av Joakim Vedvik.

Related Posts
Leave a Reply

Your email address will not be published.Required fields are marked *